Lanserer Norsk seniorpolitisk barometer –

Leiarundersøkinga 2021

Senter for seniorpolitikk lanserer årets barometer på Forskningskonferansen.

Av Linda Hauge, 29. oktober 2021

Linda-Hauge

Seniorrådgiver Linda Hauge. (Foto: Sverre Chr Jarild)

Kva viser årets barometeret?

Fyrst og fremst viser barometeret at det meste er stabilt i forhold til tidlegare år. Oppfatningane og haldningane til eldre arbeidstakarar går sakte, men sikkert, i «riktig» retning. Leiarane vurderer arbeidsprestasjonane til eldre arbeidstakarar som gode og ynskjer i all hovudsak at dei skal halde fram til dei når ynskja avgangsalder.

Se barometeret her

Det er likevel nokre områder som det er grunn til å rette oppmerksomheita mot. Seniorar og eldre arbeidstakarar er framleis dei gruppene det er minst populært å ansette. 6 av 10 rapporterer at dei vil like å ansette eldre arbeidstakarar, medan meir enn 8 av 10 vil like å ansette unge.

Norske leiarar vurderer i gjennomsnitt at 59 år er den alderen då ein vil nøle med å invitere ein kvalifisert arebidssøkar til intervju. Denne alderen er noko lågare i privat sektor og noko høgare i offentleg sektor.

Kva kan dette innebære?

Det viser at det kan være tyngre for eldre arbeidstakarar å skifte jobb. Sjølv om arbeidsløysa er relativt låg blant seniorar og dei fleste av dei som er i jobb ynskjer å vere der dei er, er det alvorleg for dei det gjeld. Dei fleste framskrivingane tilseier også fleire må skifte arbeid oftare i tillegg til at vi må arbeide lenger.  

Det er også framleis over 6 av 10 leiarar som har opplevd at det er dei yngre som blir foretrukke når ny teknologi eller nye arbeidsmåtar skal innførast. 1 av fire har også opplevd at eldre blir forbigått ved forfremjingar eller internrekruttering. Om ein ikkje får ta del i utviklinga, vil det bli både vansklegare å skifte jobb og oppretthalde kompetanse og moglegheit for å prestere godt.

Er det noko anna som er nytt i årets barometer?

Det er fyrste gongen vi gjennomfører kun leiarundersøkinga etter at vi gjorde om opplegget i fjor. Vi har også nokre nye spørsmål som ikkje har vore med i tidlegare undersøkingar. Nokre spørsmål som går på konsekvensar av koronapandemien og også nokre påstandar som skal fange opp den affektive/følelsesmessige delen av holdningar.

Ein av desse påstandane er at ein ikkje kan bruke eldre arbeidstakarar til like mykje som yngre. Her svarar 33 prosent at dei er einige (heilt eller delvis) i dette, medan 56 % svarar at dei er ueininge (heilt eller delvis). Ein større andel i privat sektor er einige i påstanden.

Ein annan påstand er at eldre ikkje er produktive nok. Her svarar 77 prosent at dei er ueinige (heilt eller delvis) i dette og 12 prosent av dei er einige (heilt eller delvis). Også her er det sektorforskjellar; sjølv om det store fleirtalet er ueinige i påstanden, er det nesten tre ganger så stor andel i privat sektor som er einige.Desse spørsmåla ligg også til grunn for dei dypdykka som er gjort i år.

Kva dypdykk har de gjort og kva viser dei?

I dypdykket som har fått størst plass i årets rapport ser vi på forskjellar mellom offentleg og privat sektor med omsyn til når ein vil nøle med å invitere ein jobbsøkar til intervju pga alder. Dypdykket viser at den viktigaste forklaringsfaktoren for at ein vil nøle ved ein tidlegare alder er negative haldningar til eldre arbeidstakarar. Dette gjeld i både offentleg og privat sektor, men ein blir «for gammal» tidlegare i privat sektor.

I det andre dypdykket har vi sett på i kva grad koronapandemien har ført til endringar i verksemda. Vidare har vi spurt om leiarane opplever at tilsette i 50-60 åra har takla endringane og behalde jobbmotivasjonen betre, like bra eller dårlegare enn tilsette i 20-30 åra. Tala viser at dei aller fleste leiarane meiner at dei tilsette i 50-60 åra både har takla endringane og behalde motivasjonen like bra som tilsette i 20-30 åra. Det er ein noko større andel i privat sektor enn i offentleg sektor som opplever at dei i 50-60 åra har takla endringar og behalde motivasjonen betre.

Det er første gangen vi gjennomfører kun lederundersøkelsen. Vi har også noen nye spørsmål. Et par spørsmål går på konsekvenser av koronapandemien og noen påstander som skal fange opp den følelsesmessige (affektive) delen av holdninger.

Fakta

Kva er Norsk seniorpolitisk barometer?
Det er ein årleg spørjeundersøking som annakvart år går til hhv. yrkesaktive og leiarar. I år er det leiarundersøkinga som er gjennomført.
Leiarundersøkinga føl utviklingen i oppfatningar og haldningar til eldre arbeidstakarar og spør om andre relevante seniorpolitiske spørsmål.

Kvifor er barometeret viktig?
Barometeret er ein av våre viktigaste informasjonskilder til korleis situasjonen er for eldre arbeidstakarar og til å vite kva som er utfordringar ein må rette søkelyset mot.

Korleis gjennomføres barometeret?
Barometeret blir gjennomført av Ipsos på oppdrag frå SSP. I år er 1205 leiarar i offentleg og privat sektor intervjua på telefon. 603 av desse i privat sektor og 602 i offentleg sektor.