Nytt barometer

Meir om resultata i barometeret

Norsk seniorpolitisk barometer 2022 sjekker hvordan det står til hos den yrkesaktive befolkninga.

Av Linda Hauge, 9. november 2022

Linda Hauge

Seniorrådgiver Linda Hauge. (Foto: Sverre Chr Jarild)

Norsk seniorpolitisk barometer 2022 blir lansert på SSP sin forskningskonferanse 9. november. Dette er 20. gongen barometeret er produsert og i år er den yrkesaktive befolkning som er intervjua. I barometeret føl vi med på oppfatningar om og haldningar til arbeid og avgang frå arbeidslivet og tek tempen på ulike faktorar ved arbeidskvardagen til folk.

Barometeret er ein av våre viktigaste kjelder til informasjon og kunnskap om arbeidslivet for eldre yrkesaktive.

Resultata for 2022 viser i hovudsak stabilitet samanlikna med tidlegare år. Svara tyder på at norsk arbeidsliv for dei fleste er ein god stad å være med – også som eldre yrkesaktiv. Arbeidsgleda og meistringsfølelsen er høg, det er stor grad av sjølvbestemmelse og få opplever usikkerheit om å behalda jobben.

Ønska alder for når ein kunne tenke seg å tre heilt ut av arbeidslivet har auka med over fire år sidan 2003, men har hatt ein slakk nedgang dei siste åra. Vi ser også nokre andre utviklingstrekk som vi uroar oss over og som kan indikere at det trengs større innsats på fleire områder for å auke avgangsalderen frå arbeidslivet.

Høg arbeidsglede og mestring

Den yrkesaktive befolkninga opplever høg arbeidsglede. To av tre gledar seg alltid til å gå på jobben og kun 5 prosent gledar seg sjeldan eller aldri. Dei over 60 år opplever endå høgre arbeidsglede enn yngre grupper – tre av fire i denne aldersgruppa svarar at dei alltid gler seg.

Det er også dei eldste (60+) som svarar at dei meistrar arbeidsoppgåvene sine best.

Det er heller ikkje slik at dei over 60 år oftare blir slitne av jobben. Tvert imot opplever desse i mindre grad å ofte bli slitne. Det er bransjeskilnader i kva grad ein ofte blir sliten av jobben. Det er yrkesaktive innan undervisning/forskning (87 %)og varehandel/butikk (86 %) opplever hyppigast å alltid eller av og til å bli slitne av jobben.

Grafikk: Gleder du deg til å gå på jobben?

graf
66 prosent av de spurte gleder seg alltid til å gå på jobben.

Godt arbeidsmiljø og gode arbeidskamerater er det viktigaste for å fortsette

Dei viktigaste grunnane til å halde fram å jobbe etter at ein er 62 år er godt arbeidsmiljø, gode arbeidskameratar og at arbeidet gjev auka livskvalitet. Godt arbeidsmiljø er mest viktig for å fortsette både for yrkesaktive over og under 62 år i alle bransjar. At dette er dei viktigste grunnane til å fortsette har også vore stabilt over tid. Det er eit sterkt signal til arbeidslivet om at det er viktig utvikle dei faktorane ved arbeidsmiljøet som bidreg til at fleire kan og vil arbeide lenger.

…men vi vil slutte når vi blir 65

Gjennomsnittleg ønska avgangsalder har flata ut på vel 65 år etter at den auka jamt og trutt til fram til 2015 då den nådde ein (førebels?) topp på 66,2 år. Gjennomsnittleg ønska avgangalder har auka med over fire år sidan 2003. I løpet av dei 20 åra vi har målt dette har andelen som ynskjer å tre ut av arbeidslivet ved 70 år eller eldre auka frå 6 til 26 prosent. I den andre enden har andelen som ynskjer å tre ugt av arbeidslivet ved 60 – 61 år gått ned frå 28 prosent i 2003 til 8 prosent i 2022.

Vi kan også sjå ein auke i andelen som gledar seg til å gå av med pensjon frå 36 prosent til 42 prosent frå 2020 til 2022. Blant yrkesaktive mellom 50 og 59 år gledar over halvparten seg (51 prosent) til å heilt ut av arbeidslivet. Andelen som gledar seg blant yrkesaktive over 60 år er 38 prosent. Dette er ein nedgang frå 44 prosent i 2020.

Hvor viktig er følgende grunner for deg for at du skal fortsette i jobb etter at du får rett til pensjon?

graf
Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer er viktig for at de yrkesaktive skal fortsette i jobb etter at de får rett til pensjon.

Får eldre arbeidstakarar like gode utviklingsmoglegheiter?

I barometeret spør vi om ulike faktorar ved arbeidsmiljøet, som grad av sjølvråderett, moglegheiter for å lære nye ting, om ein har deltaking på kurs og opplæring det siste året, om arbeidet er fysisk krevande etc.

Når det gjeld sjølvråderett i jobben svarar dei fleste at dei har stor grad av det i alle aldersgrupper og aller mest blant dei eldste. Sjølvråderett er også ein viktig grunn til å fortsette i jobb etter at ein får rett til pensjon.

På spørsmål om i kva grad ein lærer nye ting i jobben, svarar nesten 60 prosent av dei opplever det i stor grad. Dersom vi ser på andelen som svarar at dei i liten grad eller slett ikkje opplever å lære nye ting på jobben, er det ein større andel over 60 år som opplever det. Over halvparten svarar også at dersom bedriften innføre ny teknologi eller nye måtar å jobbe på, er det yngre arbeidstakarar som blir foretrukke svært ofte, ofte eller av og til. Dei over 60 år svarar hyppigare svært ofte på dette spørsmålet. Dei eldste deltek også sjeldnare på kurs og opplæring.

Endringar og omstillingar og nye krav til kompetanse

Over halvparten av dei yrkesaktive opplever endringar og omstillingar i stor eller nokon grad. Dei som i størst grad opplever endringar og omstillingar i jobben finn vi statleg sektor og særleg innan offentleg administrasjon/forsvar/politi og undervisning. 70 prosent opplever at det er nye krav til kompetanse.

Hvor ofte har du opplevd at de forholdene jeg nå skal lese opp skjer i arbeidslivet? Andeler som svarer «svært ofte», «ofte» eller «av og til».

graf
Virksomhetene foretrekker å bruke yngre arbeidstakere når de skal innføre ny teknologi eller arbeidsmåter.

Det meste er tilbake til normalen etter pandemien

De yrkesaktive opplever auka bruk av digitale verktøy etter pandemien. Ein av fem opplever også å ha mindre kontakt med kollegaer, ellers opplever majoriteten ingen endring i dei faktorane vi har spurt om.

Sammenlignet med før pandemien, opplever du at det er mer, mindre eller ingen endring ved din arbeidssituasjon?

graf
Kontakt med kollegaer er det som har endret seg mest etter pandemien.

Fakta

Norsk seniorpolitisk barometer 2022 – yrkesaktiv befolkning er ei stor undersøking der 3000 yrkesaktive frå 16 år og oppover er intervjua.

Ipsos gjennomfører barometeret for SSP.

Barometeret har vore gjennomført årleg sidan 2003 og består av ein undersøkelse blant yrkesaktive og ein blant leiarar. Frå og med 2020 blir barometeret gjennomført annakvart år for hhv. yrkesaktive og leiarar.

Les meir om barometeret her.