Forskningsseminar i Sverige

Sverige bør øke pensjonsalderen til 72

Det var bodskapen til Kirk Scott ved Lunds Universitet under forskarseminaret i Umeå 15. og 16. januar.

Av admin_senior, 6. februar 2020

Forskar Isabelle Hansson ved Gøteborgs Universitet. Foto: Roger Moen

Av Linda Hauge og Roger Moen

«Kan vi arbete längre?» var hovudspørsmålet til Kirk Scott, og svaret han ga var enkelt nok: JA. Årsaka er at vi lever lenger.

Han seier at økonomiske insentiv virkar dårlegare enn mange har forventa, men at auka utdanningsnivå over tid og ei auke i nedre grense for mogleg uttaksalder for pensjon vil virke. Han sa òg at det ikkje er talet på eldre som er problemet framover, men forsørgarbyrden. I 2030 vil andelen 65+ i Sverige være høgare enn andelen 0-19 år, og eldre er dyrare enn barn og unge, hevdar Scott.  

Forbetringar

I Sverige er framleis norma ein avgangsalder på 65 år, sjølv om langt fleire enn før både går ut av arbeidslivet tidlegare og seinare enn 65 år. Dersom ein ser historisk på utviklinga i ulike måleparameter for helseforbetringar, forbetringar i arbeidsmiljø, auka utdanningsnivå etc., svarar ikkje dagens sysselsettingsgrad blant eldre arbeidstakarar til det ein kunne forvente ut frå forbetringa desse måla viser.

Lisa Laun frå IFAU trekte fram at auka gjennomsnittleg levealder, fleire friske år, betre behandling av sjukdommar, betre (fysisk) arbeidsmiljø, ny teknologi som kan lette arbeidet, auka fleksibilitet og ny kompetanse vil auke moglegheitene for forlenga arbeidsliv. Låg etterspurnad etter eldre arbeidstakarar derimot, er ei utfordring for at fleire kan forlenga sine arbeidsliv.

Laun viste òg til at det fysiske arbeidsmiljøet er kraftig forbetra frå omkring 1960 og fram til i dag. Det psykososiale arbeidsmiljøet har vore ganske stabilt. Maria Albin frå Karolinska instituttet viste at omfanget av fysisk krevande/tunge jobbar  framleis er ganske stort. Reduksjonen av slike jobbar skjer veldig langsomt. Fysiske belastningar vil redusere antall yrkesaktive år, og eldre har større negativ effekt av det enn yngre, seier Albin.

Fleire av forskarane peika på aukande ulikheit i helse som den største utfordringa for at «alle» skal arbeide lenger. God helse heng gjerne saman med høgt utdanningsnivå, jobbar med låg grad av fysisk belastning, høg grad av autonomi og fleksibilitet i arbeidet. Lågt utdanna arbeidstakarar i fysisk krevande yrker, liten fleksibilitet og mindre autonomi scorar dårlegare på ulike helseutfall. Det gjeld ma. høgre sjukefråvær, større uføreandel, lågare levealder mm.)

Motivasjon

Motivasjonen for å halde fram i arbeid eller slutte er viktig å forstå for å kunne stimulere fleire til forlenga yrkesliv. Ein studie av personar i overgangen mellom jobb og pensjonisttilvære vart presentert av Isabelle Hansson frå Gøteborgs universitet.

Om lag halvparten av dei som kombinerer jobb og pensjon ynskjer å slutte heilt. Dei viktigaste årsakene til å pensjonere seg er å få meir friheit. Folk vil ha friheit til å gjere eigne ting, bestemme sjølv over eige liv, tida og kva ein skal gjere. Dei viktigaste årsakene til å halde fram i arbeid er at ein verdset arbeidet, oppgåvene, fellesskapet og at ein finn det heile meiningsfullt.

Ein studie av arbeidsplassen sin betydning for å bli eller slutte, presentert av Mikael Stattin ved Umeå Universitet, viser at nettopp verdsetting, fleksibilitet, helse og motivasjon er dei mest sentrale. Viktige årsaker for at ein ynskjer å slutte, er misnøye med arbeidstid, auka krav, manglande kontroll og dårleg fungerande organisatoriske forhold.  

Dei viktigaste føresetnadene forskarane presenterte for å oppnå målsettinga om forlenga arbeidsliv kan oppsummerast slik:

  • Korleis motivere dei som kan, men ikkje vil
  • Korleis legge til rette for dei som vil, men ikkje kan. Ved å tilpasse krav til den einskildes evner og føresetnader
  • Motvirke aldersdiskriminering og stereotyper
  • Livslang læring
  • Pensjonssystemet, auke fleksibiliteten i ordninga og auka nedre aldersgrense for uttak (det svenskane kaller «riktålder»)

Altså ikkje heilt ulikt det vi kjenner frå norske forhold.

Les mer på svenske nettsider:

Nu finns föreläsarnas presentationer från Forskarseminariet i Umeå 2020 publicerade på Försäkringskassans hemsida

På samma sida finns även en film innehållande korta intervjuer med några av föreläsarna och med allmänheten på stan. En länk till UR:s filmning av seminariet finns också hemsidan. Där går det att se samtliga föreläsningar i sen helhet.

Samma material finns även publicerat på Forteoch CSA:s hemsidor.

Arbetet med socialförsäkringsrapporten som samlar föreläsarnas presenterade studier pågår och jag återkommer när den är publicerad.