Forskningsrådet OsloMet og SSP

Linda Hauge startar ph.d. om dei som jobbar lenge

Yrkesaktivitet i eldre år – kva skal til for at fleire 60-åringar kan, og vil, halda fram i arbeid til dei når den øvre aldersgrensa

Av Berit Solli, 28. august 2023

Linda Hauge

Seniorrådgiver Linda Hauge. (Foto: Sverre Chr Jarild)

Problemstillingen

“Forskninga hittil har mest konsentrert seg om å motvirke tidleg avgang. Kva faktorar som bidreg til sein avgang er ikkje nødvendigvis dei same som hindrar tidleg avgang. Med dette ph.d.-prosjektet ynskjer eg å bidra med meir kunnskap om kva som stimulerer til sein avgang, dvs. seinare enn gjennomsnittleg avgangsalder.

Den overorda problemstillingen for dette ph.d.-prosjektet er i kva grad sein avgang, avgang seinare enn gjennomsnittleg avgangsalder, vert prioritert, vektlagt og kjem til uttrykk i arbeidslivet,” skriver Linda Hauge i sin prosjektbeskrivelse.

Hva er ph.d.?

En ph.d. er det som har tatt over for det som tidligere var en doktorgrad. Det er altså et studium på tre års (fulltid) eller fire år (deltid) etter master. En ph.d.-student trenger en faglig tilknytning til et universitet som kan gi graden, og studenten trenger finansiering.

Selve ph.d.’en er gjerne bygget opp med tre faglige artikler som publiseres hver for seg, og så at studenten skriver en avsluttende og overordnet “kappe” som binder alt sammen til en større helhet.

Lindas ph.d.

Seniorrådgiver Linda Hauge ved Senter for seniorpolitikk har lenge hatt lyst til å bygge på sin cand.polit (hovedfag i samfunnsøkonomi) med en ph.d. Derfor har hun grunnet på tema og opplegg til og fra i et par års tid.

Nå i våres spisset hun tankene. Hennes arbeidsgiver Senter for seniorpolitikk ville støtte opp om prosjektet med delfinansiering og faglige ressurser.

I juni godkjente Norges Forskningsråd søknaden om økonomisk støtte til en såkalt offentlig sektor-ph.d. I dette prosjektet vil Senter for seniorpolitikks fagsjef Roger Moen ha rollen som prosjektleder og adm dir Kari Østerud ha rollen som prosjektansvarlig.

Og nå mandag 21. august godkjente doktorgradsutvalget ved OsloMet søknaden. Veileder blir førsteamanuensis Åsmund Hermansen ved OsloMet. Les mer om ph.d.’er ved OsloMet her.

Ph.d.’en er planlagt å ta fire år. Linda vil jobbe 25 prosent ved Senter for seniorpolitikk, særlig med Norsk seniorpolitisk barometer og forskernettverket tilknyttet senteret. Og så vil hun jobbe 75 prosent av tiden med den akademiske oppgaven.

Ph.d.’en skal altså inneholde tre artikler og en overgripende kappe. I prosjektskissen til OsloMet har Linda redegjort for planen om de tre:

Første artikkel om ledere

“Leiarar har ei heilt sentral rolle når det gjeld å stimulere til sein yrkesavgang og definerer i stor grad korleis lange yrkesliv vert prioritert i norske verksemder. Haldningar, åtferd og konkrete tiltak frå leiarar vil kunne påverke val av avgangstidspunkt i både positiv og negativ retning. Den fyrste artikkelen i avhandlinga vil ha dette som tematikk.

Datamaterialet vil være surveydata frå Norsk seniorpolitisk barometer,” skriver Linda.

Andre artikkel om seniorene selv

“Den viktigaste aktøren i å avgjere avgangstidspunkt er likevel den eldre arbeidstakaren sjølv. Den andre artikkelen vil ta for seg kva yrkesaktive over 55 år som ynskjer å fortsetje til etter gjennomsnittleg avgangsalder vektlegg av faktorar knytt til arbeidet. Forskning tyder m.a. på at indre motivasjon og behov for sjølvbestemmelse aukar med alderen. Korleis varierer slike faktorar med yrke som har ulike krav til utdanning og belastningar for dei eldste arbeidstakarane?

Datamaterialet vil være paneldata frå NorLAG supplert med Norsk seniorpolitisk barometer,” skriver Linda.

Tredje artikkel om aggregert nivå

“I den tredje artikkelen i avhandlinga ynskjer eg å studere korleis sein avgang kan komme til uttrykk på meir aggregert nivå. Forskninga viser at arbeidsmiljø, utdannings- og inntektsnivå, turnover, verksemdsstorleik med vidare påverkar sannsynet for å gå ut av arbeidslivet. I denne artikkelen vil eg ved hjelp av observerbare kjenneteikn konstruere aggregerte mål ved verksemdene og undersøke korvidt desse bidreg til sein avgang frå yrkeslivet.

Datamaterialet vil være ulike registerdata,” skriver Linda.

Hertzbergs tofaktorteori

“Den teoretiske tilnærminga til kva som ligg bak tidleg og sein avgang frå arbeidslivet vil være Hertzbergs tofaktorteori for jobbtilfredsheit, der ein gjerne skil mellom hygienefaktorar og vekstfaktorar.

Ei vanleg inndeling av faktorar som bidreg til å slutte å jobbe eller å halde fram er såkalla push, pull, stay, stuck og jump – faktorar. Det er særleg «stay»-faktorane – positive forhold ved arbeidet som gjer at ein gjerne vil fortsette – eg vil sjå nærare på i dette prosjektet. Sjølvbestemmelse, støttande leiing moglegheiter for læring og interessante oppgaver er døme på stayfaktorar,” skriver Linda.