Fleire spurde

No gjer vi barometeret betre

Senter for seniorpolitikk leggjer om Norsk seniorpolitisk barometer. Frå i haust blir det fleire respondentar med moglegheit for meir analyse om grupper og landsdelar.

Av Berit Solli, 19. oktober 2020

Seniorrådgjevar Linda Hauge. (Foto: Øivind Haug)

Meld deg på webinar fredag 30. oktober, Forskningskonferansen, med lansering av det nye barometeret her.

Frå og med hausten 2020 gjer vi to endringar i seniorpolitisk barometer. Undersøkinga blant yrkesaktive vert no i haust utvida frå å intervjue 1000 yrkesaktive til å intervjue 3000.

“Utvidinga av datagrunnlaget vil gje oss fleire mogleheiter til å følgje med på korleis oppfatningar og haldningar til seniorar i arbeidslivet artar seg for ulike grupper,” seier seniorrådgjevar i Senter for seniorpolitikk, Linda Hauge.

“Vi vil t.d. ha betre moglegheiter for å sjå på variasjonar mellom aldersgrupper, bransjar og regionar. Vi veit at det kan være store variasjonar i situasjonen for eldre arbeidstakarar og korleis ein tenker rundt spørsmål om aldring og arbeid. Med å utvide talet på respondentar til barometeret, håpar vi å få endå betre innsikt i dette,” seier Hauge.

Annakvart år

Frå og med i haust vil også undersøkinga blant yrkesaktive og leiarar komme annakvart år; yrkesaktive i 2020, neste leiarundersøking i 2021.

Det er Ipsos som står for gjennomføringa av undersøkinga. Intervjua foregår i august. Resultata av årets seniorpolitiske barometer skal være klare til å lanserast på Forskningskonferansen 30. oktober 2020.

Sjå tidlegare rapportar her.